
Slekta til Marie Karoline og Elias Andreas Loen
Med forfedre attende til om lag 1700 og etterslekt fram til og med slektstreffet 2012
Per Rolf Johnsen er fødd på småbruket Solvoll i Kjølsdalen i dåverande Davik herred den 9. juni 1934. Han er datterson og eldste barnebarn til Marie og Elias Loen. Då var det nok ikkje meir enn rimeleg at dåpen den 22. juli same år vart halde i Lo-kyrkja, og at hendinga vart feira i mor sin barndomsheim, Hallstein. Det ville undra skrivaren om det ikkje var sosakjøt på bordet den sundagsmiddagen. Under oppvekst og skulegang viste det seg at han hadde betre lag og interesse av bokleg lærdom enn av jordbruk. Å verta brukar på eit småbruk var heller ikkje i dei dagar den store draumen.
- ISBN: 9788230010037
- Utgivelsesår: 2012
- Språk: Nynorsk
- Format: Innbundet
- Emne(r): Europeisk historie, Lokalhistorie
- Aldersgruppe: Voksen