Batalde Lars

Den bedste Fører paa Jostedalsbræen

299 kr

På slutten av 1800-talet begynte dei engelske fjellsportpionerane, med William Slingsby i spissen, å utforske den norske bre- og fjellheimen. Til berarar og førarar engasjerte dei lokale personar som blei lært opp i å handtere utfordringane som breen og dei spisse fjelltoppane bydde på. Dei fleste av desse var bønder som var oppvakse i dalane nedanfor breen. Lars Jansen Batalden var ein som skilde seg ut i så måte.

Lars vaks opp på ei øy lengst ute i havet. Han etablerte seg først som fiskar og blei seinare notbas. Om lag 25 år gamal flytta han til Olden, der han fekk sitt første møte med bre- og fjellheimen. Han blei ein av dei mest populære førarane dei engelske pionerane og andre turistar. Dette skuldast både ferdigheitene hans og personlegdomen hans.

Lars flytta til Eidsvoll på byrjinga av 1900-talet og budde i alderdomen på eit lite pensjonat der. Fjellet Larsnibba på Jostedalsbreen er oppkalla etter han, og står igjen som eit vitnesbyrd om kjærleiken til fjella og breen.

Batalde-Lars er historia om Lars Jansen Batalden - «den bedste Fører paa Jostedalsbræen.» (Sekretær i DNT Yngvar Nielsen 1893).


  • ISBN: 9788230026359
  • Utgivelsesår: 2023
  • Språk: Nynorsk
  • Format: Heftet
  • Emne(r): Historiske romaner, Fotturer
  • Aldersgruppe: Voksen
Noe gikk galt. Reload 🗙