Den gudlause bordbøna!

375 kr

Som liten gut i 1943 høyrde eg soga om ein russisk krigs-fange-rømling - som fars fetter hadde berga i skjul for tyskarane - oppe på fjellet i ei av sine jakthytter. Denne soga var guds reinaste sanning og alle i bygda hugsar den. Russaren forlét Ryfylke og Norge - då freden kom i 1945. Og seinare har ingen høyrt noko - om kor det blei av han.


Kor enda Igor? - denne flotte - vakre og svært høge mannen.


Igor var ein urimeleg hard råtass av ein krigar - elles hadde han ikkje greidd å røma frå tyskarane - sa folk! Igor var i tillegg ateist og gudsfornektar - så ja - gudbetre - han kom seg vel heimatt - og gjekk så til grunne i sitt eige moralsk forderva ateistiske samfunn!


Ikkje noko stor undring å spore i den soga altså - for Satan kjenner jo sine - og han tek også glupsk og grådig hand om alle fråfalne.


  • ISBN: 9788230011829
  • Utgivelsesår: 2015
  • Språk: Nynorsk
  • Format: Innbundet
  • Emne(r): Moderne litteratur
  • Aldersgruppe: Voksen
Noe gikk galt. Reload 🗙