Ein hyllest til heimbygda

Minner frå heimtraktene

379 kr

Agnar Gjendem var gjennom 45 år journalist i Romsdals Budstikke. Han vaks opp i ei bygd som har hatt mange namn. I hans barndom heitte den Gjendem, seinare vart det endra til Jendem. Han flytta ut, men ikkje langt. Berre til Molde. Og han gløymde aldri heimbygda, der foreldra, store deler av slekta og gode venner budde. Turane utover har vore mange.

No har han utforska historia om heimtraktene. Målet er å kunne fortelje noko av det viktigaste frå det som var hans heimland til dei som no bur der. Han skriv om næringsliv, skule, idrettslag, avhaldslag, dugnadsånd, om kvinneforeiningane før i tida, om bedehuset som var ein naturleg møteplass i både sorg og glede. Her vert vi kjent med kvardagsheltar. Boka er på mange måtar hans hyllest til heimbygda ved fjellets fot. Lesarane vil ha stor glede av historiene og alle bilda. Den er midt i blinken for dei som er interessert i lokalhistorie.


  • ISBN: 9788230027653
  • Utgivelsesår: 2024
  • Språk: Nynorsk
  • Format: Innbundet
  • Emne(r): Lokalhistorie
  • Aldersgruppe: Voksen
Noe gikk galt. Reload 🗙