Furet, værbitt

Eit politisk liv

399 kr

Furet værbitt – eit politisk liv er ein sjølvbiografi om fylleslag, nederlag, hestehandlar og politiske gjennomslag.

Rogalendingen Hallgeir H. Langeland sat på Stortinget for Sosialistisk Venstreparti i 16 år, frå 1997 til 2013. Han har levd heile det politiske livet sitt i opposisjon til makta – samtidig som han har vore ein del av ho, og jobba innafor systemet for å få til endringar han har trudd på. Boka gir nytt innblikk i norsk politisk historie over fire stortingsperiodar, sett gjennom auga til «hippien frå Håbakk»; mannen, opprøraren og politikaren. Det er ei bok om hemmelegheiter, røvarhistorier, kranglar, sigrar og tap, blant anna frå dei to samanhengande periodane då SV sat i regjering for fyrste gong.

Hallgeir Håbakk Langeland (f. 1955) er lærar og tidlegare stortings- representant for Sosialistisk Venstreparti (SV) frå Rogaland.

Langeland var gruppeleiar og medlem av formannskapet i Stavanger bystyre (1991-1995) og medlem av bystyret (1995-1997). Han sat i styret for Rogaland SV (1992-1995) og i sentralstyret (1995-1999).

Langeland har hatt ei rekkje verv både lokalt og nasjonalt, og er kjend for engasjementet sitt i miljø- og samferdselsspørsmål, inkludert motstand mot gasskraftverk utan CO2-reinsing og støtte til alternativ energi. Han har òg utmerkt seg som urokkeleg motstandar av norsk NATO-medlemskap, og aktiv i ulike solidaritetsorganisasjonar og arbeid for global rettferd.

«Hallgeir H. Langelands 16 år på Stortinget kaster lys over norsk venstresides store dilemma: Skal SV-ere og andre på den røde siden stå på plenen utenfor Stortinget og rope ut sine protester, eller skal de bli med og ta ansvar for politisk styring av landet? Også for den politikken SV ikke liker? I biografien viser Langeland hva det koster å stå for sine prinsipper.»

Bjørn G. Sæbø TIDL. SJEFREDAKTØR I ROGALANDS AVIS


  • ISBN: 9788230027585
  • Utgivelsesår: 2024
  • Språk: Nynorsk
  • Format: Innbundet
  • Emne(r): Selvbiografier: historie, politikk og militæret, Sosialisme og venstreorienterte ideologier
  • Aldersgruppe: Voksen
Noe gikk galt. Reload 🗙