I statleg teneste

Liv og lagnad for ein vidtfarande mann

349 kr

Mange trur kanskje at i statleg teneste blir yrkeslivet kjedeleg. Mi røynsle er det motsette. Frå eg tok til som elev på Postskulen i 1951 til pensjonering som ekspedisjonssjef i departement 50 år seinare, har eg opplevd yrkeslivet som givande og spennande. Det er blitt teneste i Finansdepartementet, Helsedirektoratet og Sosial- og helsepartementet. Dessutan har eg med permisjon arbeidd utanlands - OECD i Paris, Finansdepartementet i Tanzania og den norske EU-delegasjonen i Brüssel. Det har blitt fleire oppdrag for Europarådet og FN-organisasjonar.


Teneste-reiser i inn- og utland har vore ein viktig del av jobben. Også private reiseopplevinger er skildra i denne boka. Til slutt i boka er skissert visse politiske vurderingar etter eit langt liv i teneste for fellesskapet.


Alfred Kvalheim er samfunnsøkonom. Han gjorde teneste i Finansdepartementet og Sosial- og helsedepartementet frå 1964 til 2002, omlag 20 år i stilling som ekspedisjonssjef.


Alfred Kvalheim har i periodar hatt arbeidsoppdrag i OECD (1965-67), Finansdepartementet i Tanzania (1970-72) og Norges EU-delegasjon i Brüssel (1993-96).


  • ISBN: 9788230022108
  • Utgivelsesår: 2021
  • Språk: Nynorsk
  • Format: Innbundet
  • Emne(r): Selvbiografier, Offentlig administrasjon
  • Aldersgruppe: Voksen
Noe gikk galt. Reload 🗙