Modalen

Historier og minner fra ei spesiell bygd

300 kr

Boka handlar om Modalen i gamle dagar og originalen i bygda, kalt Toska-Mons.

Det var ein slagferdig kar, som det går mange historiar om, og her finn du heile livet hans på prent, illustrert med treffande teikningar.

Under krigen var det mange bergensarar med røter i Modalen som blei flyktningar i dalen. Her finn du historien om ein ung «flyktning» som i barne- og ungdomsåra blei prega av kulturen i bygda, og ikkje minst av naturen og fjelldrifta i Stølsheimen.

Då Bergen Turlag bygde eit hyttenett i Stølsheimen, skaut fjellvandringa fart. Særleg i perioden 1960–1975 vandra mange i desse traktene. Eg var ein av dei, og her kan du lese om mine opplevingar og liv i Stølsheimen og i Modalen. Du finn òg omtale av hjortejakt og hytteliv i boka, som kan vera verd å lesa.

Olaf Steinsland vaks opp i Bergen under krigen og var sterkt knytta til Modalen.

Han har Befalskulen for Kavaleriet, Lærerhøgskule, Statens Gymnastikkskule, og var idrettsoffiser ved Krigsskulen. Han arbeidde ved Forsøksrådet for skuleverket og har trenarutdanning i alpint og turn. Han vart tilsett ved Noregs Idrettshøgskule i 1968 og arbeidde der til 2008. Der vart han leiar av Turnseksjonen, samarbeidde med legar og fysioterapeutar innen skadeforbyggende tiltak. Han var idrettsleiar, skilærar, turntrener og internasjonal turndommer. No driv han med jaktskyting og undervisning til Jegerprøven, samt storviltjakt på Austlandet.


  • ISBN: 9788230027929
  • Utgivelsesår: 2024
  • Språk: Nynorsk
  • Format: Innbundet
  • Emne(r): Bygdesamfunn, Europeisk historie, Landsbygda, livet på landet
  • Aldersgruppe: Voksen
Noe gikk galt. Reload 🗙