Mysteriet i veven

299 kr

Emma Manin (1955) vaks opp på Leikanger i Sogn. Utdanna sjukepleiar og cand.san. Ho har sin yrkeskarriere i off. helsevesen.


«Mysteriet i veven» er hennar andre roman.


«Mysteriet i veven» er ein engasjerande og velskreven roman der vi fylgjer odelsjenta Ingebjørg frå 1929 og fram til ho er vaksen.

Ho veks opp på Hans-garden hos Gunhild og Hallvard. Foreldra skjuler at Gunhild er barnlaus, og at Astri fødde Ingebjørg.

Kunstnaren Astri finn meining med sine val og offer gjennom kunstneriske uttrykk i vakre biletvevar.

Hallvard og Gunhild taklar å leve med løgna på ulike måtar.

Det store spørsmålet gjennom romanen er korleis vi lever med dei val vi tek.

Kan løgn vere rett?

Forholdet mellom karakterane er skildra med innleving og empati.

Historiske referansar til gardsdrifta, borgarkrigen i Spania og 2. verdskrig dannar rammene rundt forteljinga.

Tematikk som radikalisering, politikk og kvinnehistorie, tilfører romanen viktige tilleggsdimensjonar som gjer at boka framstår som tidsaktuell.


  • ISBN: 9788230023495
  • Utgivelsesår: 2022
  • Språk: Nynorsk
  • Format: Innbundet
  • Emne(r): Historiske romaner, Narrative emner: kjærlighet og relasjoner
  • Aldersgruppe: Voksen
  • Serie: Hans-garden (2)
Noe gikk galt. Reload 🗙