Når ramnen skrik

349 kr

Tordis Lunde (1948) er utdanna lærar, adjunkt m/opprykk med faga spesialpedagogikk, kosthald og helse i tillegg til norsk som andrespråk. Ho har jobba som lærar og rektor på barnetrinnet og som lærar/avdelingsleiar i vaksenopplæringa med norsk for innvandrarar. Ho er no pensjonist og bur i Øygarden kommune.

Tidligare (2009) har ho gitt ut biografien «Livslang kamp, en krigsseiler forteller».

«Når ramnen skrik» er ei forteljing om ikkje å høyre til. Det einsame strevet med å finne sin eigen veg. Ei jente med eit namn ho avskyr, eit barn i livskrise. Den tunge kampen i henne blir ein kamp om å vinne tilbake sin eigen vilje og seg sjølv.

Såg du meg? spør jenta.

Tradisjon og gudstru står sterkt i det vesle fiskarsamfunnet der jenta veks opp tidleg på 1950-talet. Alle er dei underlagt naturen sine luner. Storm og stille, flo og fjære. Snøfokk og nordlys, midnattssol og mørketid. Havet spelar ei hovudrolle i livet til jenta.


  • ISBN: 9788230023174
  • Utgivelsesår: 2021
  • Språk: Nynorsk
  • Format: Innbundet
  • Emne(r): Moderne litteratur, Narrative emner: dannelsesromaner, Narrative emner: identitet / det å høre til
  • Aldersgruppe: Voksen
Noe gikk galt. Reload 🗙