350 kr

Orfeus i Warszawa er ei diktbok som gir oss rystande innblikk i krigens gru i eit hærtatt Polen, og som samtidig rommar mange av dei vakraste kjærleiksdikta som finst i polsk poesi. Krzysztof Kamil Baczy.ski (1921-1944) var ein ung kunstinteressert poet som blei kasta inn i krigens brutale røyndom då tyske nazistar okkuperte Polen i 1939. Baczy.ski blei soldat i Heimearmèen og deltok i mange væpna aksjonar. I 1942 gifta han seg med si høgt elska Barbara («Basia»), som blei målet for hans mange kjærleiksdikt. Begge to deltok i det heltemodige Warszawaopprøret mot okkupanthæren, som braut ut i august 1944. Opprøret enda på tragisk vis også for det unge ekteparet, som begge blei drepne av den tyske krigsmakta.

Baczy.skis mange etterlatne motstands- og kjærleiksdikt representerer eit strålande kapittel i polsk poesi.

"Dette framstår som ei diktsamling som vil gjera den norske omsettingslitteraturen rikare. Eg nøler ikkje med å kalle det stor dikting". (Edvard Hoem)


  • ISBN: 9788230025383
  • Utgivelsesår: 2023
  • Språk: Nynorsk
  • Format: Heftet
  • Emne(r): Moderne lyrikk (fra 1900 og fremover), Lyrikk av en forfatter
  • Aldersgruppe: Voksen
Noe gikk galt. Reload 🗙