Tankar!

Ved eit gullbryllaup

250 kr

Eit gullbryllaup er ei stor hending!

Det er tankefullt også - å få oppleva det. Det er mange fine minne som ligg der, attom oss - saman med nokre undrande tankar. Kva var det? Det som gjorde at nettopp me to, kvar dag fekk kjenna oss så intimt knytte til kvarandre. Og nettopp der - som så mange andre har måtta sleppa taket. Levde me livet vårt, berre som eit barnleg, forblinda par? Kom det aldri ein liten tvil - ein lengt, ein draum mot eitkvart anna?


Nei - me kjende aldri nokon trong for å leita og tigga hjå andre, det var så mykje meir - og annleis og finare, det som styrkte banda mellom oss. Særleg den storsinna rausheten som eg opplevde, då eg ikkje greidde å gjere om til inkjes dei fine kjenslene eg framleis bar på, frå mi fyrste forelsking - eg kunne ikkje, eg ville ikkje gløyme « - ho som var den første til å røre ved mi sjel!»


Denne rausheten skapte den trygge tilliten - dette ulasteleg fine, som med åra blei så sams og felles for oss begge. Ei fin og ærleg erkjenning var det - ei snill kjensle som kvar dag gav oss ei inderleg glede, for det livet som me fekk oppleve saman. Ein felles song - som skapte eit vakkert venskap mellom oss to. Å ja, best av alt, me levde ærleg - og slik fann me fram til den gjensidige respekten - den frigjerande vørdnaden som etter kvart kom til å gjelde, også for våre mest fortrulege kjensler « - for hun hadde jo, et helt hav av uopplevd kjærlighet å gi en annen!»


Det kjendest som ein vakker villblome i handa mi.

For - kjære medmenneske!

«Det er ikkje sant at kjærleik gjer blind. Kjærleik gjer klok.»

Kjærleiken gjorde oss begge to - både mjukare og rikare som menneskje! Det er særleg dette, boka mi - dreier seg om!


.

Kjell Hetlelid - Apotekar, Spesialist i sjukehusfarmasi.

Fødd i Vormedalen i Hjelmeland i 1938. Examen artium ved Bryne offentlege landsgymnas i 1959. Embetseksamen i farmasi i 1963.


Tidlegare utgjeve - romanen: «Den gudlause bordbøna!»


  • ISBN: 9788230015155
  • Utgivelsesår: 2017
  • Språk: Nynorsk
  • Format: Innbundet
  • Emne(r): Biografisk skjønnlitteratur
  • Aldersgruppe: Voksen
Noe gikk galt. Reload 🗙